1. |
Innleiing
02:13
|
|
||
då månen gjekk ned
eg sprang, eg sprang
klissblaut gjennom myra
med tynn ishinne
eg sprang mot havet
snøfnugg i augo
vinden piskar
eg sprang, eg sprang, eg sprang
eg sprang, eg sprang
vatnet i myra
vatnet i lufta
vatnet i havet
hylande eg omfavnar deg
|
||||
2. |
Bitande Kaldt
03:11
|
|
||
atter ein dag
storm og slaps
bølgar rullar
bitande kaldt
fangstfeltet ventar
med havets gull
det ventar
er bitande kaldt
men me tek med oss alt
fangstbeltet er ikkje alt
time vest for fuglen
sørvesten tek oss
alltid motvind
skitver
sørvesten tek oss til …
farvel du høge otterø
med din høge fjell
me ser deg mellom bygar
då veit me at ferda snart er på hell
farvel
farvel
|
||||
3. |
Mørkt Føre, Mørke Bak
05:31
|
|
||
heim med siger skal du svinga
eingong trugne, norske vakt,
offerhug og elsk i bringa,
ingen stend for slik ei makt!
skuggehavet - høyrer til i dalen
rommar maleriet hennar mor
strøymer vårfrisk inn i salen,
der du sit ved høvdingbord
mang ein varm og ærleg vilje
stridde for vår store sak.
stupte bleik og trøytt på tilje
mørkt framfør, mørke bak .
menn frå unge bataljonar,
som gjer Noreg fritt for skam,
mannleg merkesongar tonar:
Norske fager, du skal fram!
heim med siger skal du svinga
eingong trugne, norske vakt.
mang ein varm og ærleg vilje
stridde for vår store sak
stupte bleik og trøytt på tilje
mørkt framfør, mørke bak
Fritt for skam bataljonar
Norske fager, du skal fram!
|
||||
4. |
|
|||
kvit som snøen
kald i blikket
tom for blod
og sjelelaus
no er ho kun som eit minne
iskald, kvit og kald i blikket
låg under ei tynn ishinne
stiv at ho ikkje let seg rikke
kvit som snøen
dreg seg til, ulande vind
vandrar uten sjel
stakkar, livredd og snart blind
hjelp ikkje med bøn og knel
kvit som snøen
kald i blikket
tom for blod
tom
tom for blod
under ei iskald hinne
under ei tynn ishinne
kvit som snøen
kald i blikket
tom for blod
og sjelelaus
|
||||
5. |
Ditt Uendelege Raseri
04:24
|
|
||
du mørke, underlege hav!
eg veit ei, kva det kjem av
dit djupe øye dreg meg
eg undrast, men forstår deg ei
eg forstår deg ei
havet stormar
hadet dormar
syng over øya sin dårande song.
havet rullar,
havet som sullar,
voggar guten i sin eventyrtrong.
stundom eg fornemmar,
som var eg, eit med deg
ditt smil, ditt uendelege raseri
som der er ingen ende i
havet som dormar
havet som stormar
syng over øya sin dårande song
havet rullar
havet sullar
voggar guten i sin eventyrtrong
|
||||
6. |
Kom Ut I Mitt Mørke
06:10
|
|
||
eg lokkar på deg
kom ut i mitt mørke
eg lettar alt du dreg
du kan la tankane søkke
du får smake mitt salt
før du sloknar
bårane ber deg
gjennom dei siste tankar
tankar
eg er ikkje ditt anker
eg ligg ikkje stille under båten
eg er den du har oppe på dekk
eg skapar dine stormar
du manglar kanskje lys
du leitar kanskje etter fyret
som har lyset du treng
eg har noko anna
di endelege seng
eg har noko anna
di endelege seng
eg har ikkje lyset
som du treng
kom
kom
kom
kom
kom
kom
kom ut I mitt mørke
eg lettar alt du dreg
du kan la tankane søkke
du
får
smake
mitt
salt
|
Gorr Møre og Romsdal, Norway
The black metal project from Skuggimaðr (Gjøran Sæther) and Hateful Wind (Evan Barton).
Streaming and Download help
If you like Gorr, you may also like:
Bandcamp Daily your guide to the world of Bandcamp